Etter 3 månadar utan padling grunna ein broten fot, har eg vore på sjøen igjen. Eg fekk i dag låne Skim Dex-en til Eldar, noko eg blei veldig glad for. Eg fekk prøve den i litt "røffare" sjø, og trur fortsatt (kanskje litt meir) at det er ein slik kajakk eg kjem til å satse på.
Med på turen i dag, var eg, mamma, pappa og Eldar. Vi la ut i frå Lanternen i Herøy-området. Det var overskya, og det kom litt snø, men etter ei lita stund gav det seg. Vi padla litt rundt i området før vi satte kurs mot eit skjer utanfor Moltu. Bølgjene der ute var litt større enn dei eg har vore borti før, men eg vart komfortabel med forholda etter ganske kort tid.
Skrape kajakk ;-)

Her har vi nettopp lagt ut i frå Lanternen.


Skvulpesjø

Her var vi ei god stund og leika oss

Eldar synes dette var artig

Det var kaldt ute, og det snødde litt. Her er vi i ein Jerven-duk. Den held godt på varmen.

Snø likar vi! ;-)
Mykje på denne turen var nytt for meg. Eg fekk prøve surfing, og rock-hopping på lavt nivå. Eg skal nok prøve å vere litt tøffare neste gong. Eg nølte litt då Eldar sa eg skulle prøve å padle igjennom. "Det verste som kan skje er at du veltar og blir litt våt i håret," sa Eldar, so kvifor ikkje? Og det angrar eg ikkje på. Det var lett å surfe med Dex-en. Med eìn gong bølgja kom, skaut kajakken fart. Og det synes eg var artig. Eg kunne ønske eg hadde vore litt tøffare, men det skal eg vere neste gong.
Dette er nok ein av dei kjekkaste turane eg har vore med på. Eg vil gjerne prøve å padle i litt røffare sjø enn i dag, å padle i bølgjer var eigentleg ganske gøy.
-Olea